Eksamen på nynorsk, check!

I dag hadde eg den eksamen som eg måtte skriva nynorsk på. Det gjekk vel heilt greitt trur eg. Eg gløymde kva for målform eg skreiv på, men når eg las over delar så såg ting riktig ut. Kan hende har mi satsing på å skriva nynorsk fungert? For det skal seiast, at eg har skrive mykje meir enn det som har vorte publisert her. Hit på bloggen kjem berre gullkorna! Haha. De ser no kva for nivå mine skriverier ligg på. Men no tenkjer eg på om ikkje eg berre skal halde opp med å skriva nynorsk. Eg har vore i ei lita kvasilitterær verd her, men no trur eg at eg later det heile liggja. Den gnistrande magien eg kjende for målforma i byrjinga av semesteret har normalisert seg, og om 9 dagar er eg ferdig med mine tre siste eksamenar og eg skal ut på sommareventyr i Lofoten. Eg har tenkt på nokre prosjekt i samband med det. Toodles poodles!

Eg prokrastinerar

Prokrastinering er ei av mine favorittsysler. Det er få ting som kjennes så mindful som det eg gjer når eg eigentleg skulle ha gjort noko anna. Som no, når eg må skriva den her exphil-oppgåva som skal inn på mandag.

Eg vakna som planlagt klokka 7. Låg og slumra i tre kvarter før eg tok opp telefonen og bladde gjennom alle sosiale medier. Sto opp halv ni, tok ein dusj og gjorde yoga i ein time. Når eg nett er ferdig med yoga kjenner eg meg så takksam for at eg har «my shit together» og er klar for ein dag prega av struktur og gode vaner.

I passande tid til frokost kom eg på at eg såg ein video på Facebook i går som demonstrerte korleis man porsjerar eit egg, så det måtte eg prøva. Det tok jo ikkje så lang tid, men det å gjere noko eg vanlegvis ikkje gjer er eit symptom på at avledingsstrategien er verksam. Og ja, mellom yoga og frokost så moppa eg gangen pga for mykje greier som satte seg under føtene, noko eg normalt kan ignorera i fleire dagar.

Så åt eg frokosten min og tok fram datamaskin og  bøker. Men eg måtte jo ha kaffe! Så det måtte eg laga. Medan eg venta på at vatnet skulle koka, så surfa eg litt på nyhende og sånt. Kaffen blei klar og eg kunne jo «like gjerne surfa ferdig alle dei her nettstadene» som eg brukar å sjå gjennom. Då hugsa eg at eg truleg skal heim til nokon og eta middag i dag, og at eg bør ta med noko. Ei kladdkaka! Ho må jo bli skikkeleg kald fram til middagstider, så eg kunne like gjerne laga ho med ein gong. Så eg gjorde det.

Medan ho blei steikt så eg satte meg ned for å spela litt piano. «Eg må jo utnyttja det medan eg har det pianoet her» tenkte eg, noko som i og for seg er rett, eg har jo berre lånt det. Når kaka sto til kjøling og eg hadde spilt gjennom heile repertoaret mitt måtte eg ha meir kaffe, og medan vatnet blei varmt byrja eg å skriva på den her teksten. No er eg svolten igjen og tenkjer på om eg skal eta kladdkaka med jordbær og vaniljeyoghurt, eller om eg heller bør varma søtpotetsuppa som eg har i fryseren, eller om eg berre skal ta eit par skiver med kvitost og kaviar.

Eg tar og et noko medan eg publiserar det her. Viktig å avslutta ein ting før ein startar på noko anna.

Eit heilt random innlegg

Neimen kjem du hit framleis? Eg trudde at når eg (nok ein gong) hadde vist at mine ambisjonar ligg for høgt for gjennomføringsevna mi så ville de gi meg opp. Men her sitt i alle fall du og les jo. Eg takkar for det.

Eg har gått gjennom bileta i telefonen for å finna inspirasjon til eit interessant blogginnlegg. Har eg teke bilete av noko i det siste som kan vera av verdi her i bloggopolis mon tro? Svaret er nei, men nokre gonger får ein koka suppa på spiker.

FullSizeRender 17
Eg testa faceswap-funksjonen i Snapchat for fyrste gong saman med Maren. Me ser jo ikkje kloke ut.
FullSizeRender 18
Joar melde meg ein søndag då eg var på veg å gå til biblioteket for å lesa exphil. Han fekk meg til å endra planane til topptur i staden. Prokrastinering når det er som best!
FullSizeRender 19
Dialektklassa mi fór på ekskursjon til Indre Troms for å høyra på dølmåla som lever der. Me kom til ei bru som berre tålte 8 tonn. Bussen vegde det dobbelte så me fekk snu og køyra tilbake.
IMG_3772
Brua var frå før krigen.
FullSizeRender 20
Nedfor Gyldenborg skule har dei sådd blommer i hjarteform. «Kjærleik i grus» fekk ei ny tyding.
FullSizeRender 21
Guggenheims visdomsord på Instagram. Eg øvar mykje på punkt 10. Det går bra! 🙂
FullSizeRender 22
Den siste veka har det vore 30 grader på balkongen min! Det feira eg med raudvin. Eg elskar forøvrig raudvinsglasa som eg har teke frå mamma og pappa sitt barskap.
FullSizeRender 23
Eg visste ikkje om det var innafor å ta med det her men skit samma som dei seier i Sverige. Eg har funne den perfekte buksemodellen og alle veit jo at om ein finn noko som er perfekt så må ein kjøpa fleire i ulike farger! Spesielt når ein hatar å leita etter bukser pga for korte bein, med vennleg helsing klesindustrien.
IMG_3692
Mamma kjøpte meg den her orkidéen i fjor etter at eg hadde teke livet av ein annan. No har blomane kome ut på nytt og eg trur eg har grønne fingre.
IMG_3714
Ein fetaost- og spinatpai. Latterleg godt og latterlegare enkelt å laga!
IMG_3779
Eg held fram med å gjera yoga kvar morgon, men heilt hit har eg ikkje kome enno. Det er kusina mi Kjersti som demonstrerar «sleeping turtle».

Takk for no!

Alle turane tel

Jau. Dette byrja jo fint som ein fagleg/personleg blogg, motivert av at eg må trena på å skriva nynorsk. No veit eg ærleg talt ikkje ka tid eg kjem til å skriva noko fagleg neste gong, men eg funderer på å publisere det eine arbeidskravet mitt som handlar om den heite poteten jamvekt som målmerke. Men eg ventar til han er godkjend av professoren før eg gjer offentleggjer han, eg vil jo ikkje outa meg som ein som har misforstått alt. Jamvel eg vart ganske nøgd med han. Me får venta og sjå!

I mellomtida kan eg fortelja at eg har vore på fleire (to) turar i helga. På laurdag dro eg med cool-okvie-Maren, kjærast og venninne til Steinskarstinden (817 m.o.h.). Det var så her vakkert på toppen:

FullSizeRender 14

Sol over alt! Eg sto på hovudet, meir en nøgd med at eg kan stå kontrollert på hovudet sjølv med tunge støvlar på beina:

FullSizeRender 13

Det var ganske hard snø å køyra på vegen ned, men turen var episk sjølv om.

På søndagen var det knallfint vér om morgonen så eg avtala ein ettermiddagstur til Fagerfjellet med Camilla. Då fekk eg brukt dagen til lesing av ting eg ikkje hadde rokke i løpet av veka. Motivert las eg filosofi med sol i augonen i fleire timar, men på ettermiddagen forsvann ho gule bak eit skylag så eg og Camilla fekk litt solfri glede i friskluft. Jaja, me vart ikkje mindre blide av den grunn!

FullSizeRender 15

Eg er nøydd å setta meg nye opp-ned-mål no som det å stå på hovudet med støvlar har vorte så enkelt. Så no øver eg på hovudståande MED ski.

FullSizeRender 16

Alle var samde om at det var fine turar!

Podcast-tips!

Eg går støtt med ein eller anna lyd på øyret. Min stille tid på dagen er den fyrste timen etter at eg har stått opp, og helst timen før eg går og legg meg. Om morgonen tar eg ein dusj og går gjennom ei yogarutine, og om kvelden tar eg oppvasken, pakker om skulesekken og rydder i klede som har ein tendens til å spre seg rundt omkring. I tystnad.

FullSizeRender 12

Så resten av dagen er det hard rock halleluja! Neida, ikkje heilt, men mesteparten av tida kor eg gjer ting som ikkje krevjer tankeverksemd, som når eg går til og frå stader og når eg lagar mat, så høyrer eg på noko. Heile denne vinteren har eg lytta til eit tonn med podcastar, så eg tenkte at eg ville tipse om mine favorittar – både sjølve podcasten og nokre avsnitt som eg synest ekstra godt om. Så no kan du berre gå inn i podcast-appen på smarttelefonen din og starte lyttinga, eller trykke på lenken eg har lagt opp til den enkelte podcast. God fornøyelse!

The Moth

Amerikanske The Moth har slagordet «True stories told live» og det samanfattar fint kva han handlar om: Ekte personer fortel sanne historier på ordentlige scener framfor eit levande publikum. Sviande sorg, hysterisk humor og andre lærdomar presenterast i nydelege ord. Dette er den fyste podcasten eg høyrde for 5-6 år sidan og han er framleis med meg. Avsnitta kan vare fra femten minutter med 1-2 historier til ei heil time med fleire historier.

NRK Språkteigen

Kvifor har vi så mange dialektar, kor kjem disse begrepa fra og korleis skal det eigentleg gå med det norske språket og ungdomen no til dags?? Norges desidert beste radioprogram, berre høyr det. Kvart avsnitt varer tretti minutter.

Radiopsykologen

Kvar veke snakkar Sveriges Radios Allan Linnér i telefonen med ein innringar om eit eller anna problem knytta til psyken og vanskelege kjensle. Samtalane varierer veldig, det er jo så mange forskjellige ting vi menneske strir med. Avsnitta varer tretti minutter.

TED Radio Hour

Dei fleste har vel fått med seg ein og anna TED talk (tale). TED Radio Hour samlar fleire talar som rører samme tema og gjer ei større sending med utdrag fra talane og djupare intervjuer med talarane. Ein heil time varer det normalt.

Tusvik & Tønne

Sigrid Bonde Tusvik og Lisa Tønne snakker fritt om det som har gjort dei glade og forbanna den siste veka. Ein time tar det men det kjennest ikkje sånn.

NRK Ekko

Kvar morgon 9-11 på NRK P2 går det fantastiske programmet Ekko på lufta. Sendinga blir lagt ut som podcast i kortare episoder etter dei tema som blir snakka om. Eg liker spesielt godt dei som har med naturvitskap å gjere. Til dømes Abels Tårn som svarer på spørsmål som kvifor den høgre skolissa går opp ti gonger så ofte som den venstre, og reportasjar fra forskarbåtar som studerer fullmånens verknad på livet i det arktiske hav. Mellom tjue og førti minutter varer avsnitta.

NRK Bok

Litteratursnakk med vurdering av nye bøker, både norske og utenlandske. Fem til femti minutter lange klipp.

Värvet

Svenske Kristoffer Triumf lar dei han intervjuer få snakke ferdig. Det er ei enorm kontrast til den øvrige medieverda der debattane er enten gjennomredigerte i etterkant eller knallhardt styrt av ein moderator i realtid. Podcasten er svensk med svenske gjester, så det er kanskje eit føremon å kjenne svensk populærkultur for å bli hekta. Men nokre personer er godt kjende også for nordmenn, til dømes Laleh, Nina PerssonPetter, Fredrik Skavlan, First Aid Kit, Tove LoBea UusmaSeinabo Sey, Jonas Gardell, Jonas Hassen KhemiriThomas von Brömssen, Björn Skifs, Michael Nyqvist, Isabella «Blondinbella» Löwengrip, Jens Lapidus, Timbuktu, Steve Angello i Swedish House Mafia, Lars Winnerbäck og  Erlend Loe. Ein må sette av ein time og eit kvarter om ein skal lytte fra begynnelse til slutt.

Criminal

Det kan handle om  folk som stel forsteina trebitar i verna naturområde eller om å vere den som er til stades når ein person vel å ta sitt eige liv. Tjue-tretti minutter finn du fort plass til i løpet av ei veke! Eller meir, eg vart fast og høyrde mange avsnitt på rad, fleire timar i strekk…

Radiolab

Eg elskar lydarbeidet til denne gjengen! Best hugser eg Birthstory, om eit homofilt israelsk par som skaffa seg barn via surrogat i India/Nepal og sto med to nyfødte barn på gata etter at det enorme jordskjelvet ramma Katmandu for eit par år sidan (og ikkje minst om kvifor surrogati er så omstridt). Samt The Rhino Hunter, historien om trophy-hunting i Afrika (og kva pengane som dei rike kvite mennene betaler brukes til). Og Smile my ass om han som fann opp konseptet skjult kamera i USA (og havna i flykapring og folk kjende han igjen og trudde at kapringssituasjonen berre var for skjult kamera og blei sure på han da de forsto at kapringa var på ordentlig likevel). Ein halvtime-time, det gidder du.

Death, sex and money

Det handlar ikkje nødvendigvis om alle tre tema på ein gong. Min favoritt er om den 26 år gamle LA-DJen som fekk omsorg for sin søsters seks barn – Superhip hip-hop-DJ om morgonen, seksbarns fostermor resten av døgnet. Høyr den: The story of Yesi Ortiz.

Sommar och Vinter i P1

Eg vart kjend med konseptet «sommarprat» medan eg budde i Sverige 2002-2005. Det går ut på at ein person får radiotid til å fortelje fritt om eit tema og spele sjølvvald musikk. NRK har forsøkt med det same konseptet, men dessverre er det ikkje så bra som det SR leverer. For det fyste får kvar pratar mykje meir tid (eg trur det er 2 timar i SR medan NRK berre har ein time), og så er det noko med formen som gjer opplevinga til noko heilt anna. Eg har berre aldri blitt forbausa, fanga eller engasjert av norsk sommarprat, så eg har slutta heilt å forsøke. Så, sett av halvanna time til svensk snakk og høyr Seynabo Sey, Annika Norlin, Zara Larsson, Johan Rockström, Nina Hemmingsson, Liza Marklund, Karin «Kakan» Hermansson, Bea Uusma, Steve Angello, Sofia Helin, Linda Pira (übercool!), Timbuktu, Ola Salo, Elin Kling, Mikael Niemi, Kristian Gidlund osv osv.

Women Of The Hour

Lena Dunham, skaparen av HBO-serien Girls, har òg laga ein podcastserie på fem episodar. Det handler om kvinner, vennskap, kjærleik, kropp, sex og arbeid.

Har de tips om nokre fleire eg burde sjekke ut? 

Sol, snø, ski og strikketøy

Hey ho yo yo. Altså, det kjem jo nærmast som eit sjokk kvart einaste år, denne skiftinga mellom mørketid og midnattssol. Medan det foregår, eg meiner når det er så mørkt mørkt mørkt, så kjenst det som om det aldri kjem til å endra seg. Det berre varer og varer. Men så etter jul ein gong så BAM kjem det eit lysglimt og så berre veks det heilt til ein dag det er lyst både når ein går til universitetet før klokka åtte, og når ein går heim rundt fire. Slik er det no! Så eg er glad som ein fersk sprettball. Sjølv når eg sit på biblioteket og jobbar med norrøne kasusar og sola skin og eg veit det er mykje fin snø i skogen på Fagerfjellet som eg kunne ha kjørt på ski i.

Men eg klagar ikkje! På laurdag tok eg og Camilla ein morgontur til Rødtind. Fekk både til å stå på hovudet med skistøvlar OG fin snø på veg ned. Score på score!

FullSizeRender 9
Camilla (nei det er ikkje ein ølboks det ho held i, men ein termokopp med kaffe) og eg (hadde ei kvise på overleppa så måtte gøyme ho) på Rødtind. Ingen sol men snø på bakken.

Eg har óg fått litt strikkedille. For nokre veker sidan strikka eg ferdig ein tjukk genser eg hadde handla inn garn til før påska 2014. Blei stolt. Riktignok måtte eg strikke han tre gonger før det blei heilt rett, men han blei ferdig, veldig fin og helst vil eg bo i han. Så eg fekk blod på tann og kjøpte inn nytt garn til ein ny genser. Valde ein litt meir delikat modell denne gongen, med flettemønster på magen og greier. Og wam bam, i går vart eg nesten ferdig med han! Trudde eg heilt til eg heldt han opp framfor meg for å beundre verket. Da oppdaga eg eit slurvorama utan like som eg aldri ville kunne bære med integritet. Dessuten var han enormt brei. Så eg rekte opp heile greia og begynte på nytt. Berre andre gongen no, så eg er godt i rute om ein jamfør med erfaringane.

FullSizeRender 10
Genseren da alt såg lovande ut. Altså før eg slurva han i stykker.

Men tross alt er eg nøgd med gjennomføringsevna. Den første genseren eg strikka tok tre år og den andre tok to år. Denne trur eg  blir klar til påske. Han blir så mjuk, blir som å ikle seg ein påskekanin.

Edda og slikt

 

No for tida driv eg og jobbar med eit arbeidskrav kor vi skal gjere ei narratologisk analyse av Soga om Gisle Sursson. For å være heilt ærleg så er eg ikkje udelt begeistra for denne eldre litteraturen. Det kjem vel av at eg synes dei krev så mykje kunnskap om kontekst for å kunne forstå dei, og allereie da har teksten blitt brutt ned til eksempel på teorien. Eg greier berre ikkje å nyte teksten som kunst.

FullSizeRender 8

Men det er ikkje rettferdig å kategorisere vår eldre litterære kulturarv som trøyttsam og vanskeleg. Då eg las Trymskvida og Voluspå for eit par veker sidan, og brukte mykje tid på å slå opp personer og omgrep fra det norrøne gudeuniverset, så blei eg kjend med historier så ufatteleg mykje rikare i innhald og tyding enn den kortfatta teksten ser ut til å vere i stand til å romme. På same tid lærde jeg mykje om den norrøne mytologien, noko eg aldri har vore spesielt interessert i. Og det har allereie betald seg, på onsdag kunne eg svare på eit spørsmål under quizen på Studenthuset DRIV 🙂

Eg bruker for det meste internet for å søke opp til dømes navn som er nemnde i tekstane. Det er morosamt å se at i fleire av tilfella er det berre ei henvising til skandinaviske dødsmetallband som kjem opp. Om ein vil starta eit band i den sjangeren kan ein altså berre slå opp på ei vilkårlig side i Edda og finne eit navn som ikkje allereie har for sterke konnotasjonar. Det var dagens tips!

Ut av det vi las i forrige semester er det Jon Fosse som har sett djupast spor i sjela mi. Derfor blei eg ganske oppglødd då eg las at Jon Fosse har skrive den eldre og yngre Edda for teater, og at dette skal spelast på Det Norske Teater frå mars 2017. Eg ønsker meg herved billett(ar) til forestillinga (mamma og pappa, les de dette?).

Topptur til Rødtinden

Dette semesteret tar eg exphil i tillegg til dei ordinære studiepoenga som høyrer til årsstudiet i nordisk. Dermed har eg forelesninger frå klokka 8 om morgenen kvar dag, sett bort frå torsdagar. Men denne veka har vi vinterferie i nordiskfaga, og dagane har blitt disponible for ikkje-faglege prioriteringar!

Vi set høgt det å teke vare på kroppen og sjela som skal forvalte all kunnskapen vi les oss til, så eg og Maren i min cool-okvie drog ut på tur på onsdag. Det blei ein kjapp morgontur til Rødtinden. Eg henta ho klokka 8, 10.30 hadde vi kome ned til bilen igjen og 11.00 slapp eg ho av heime hos seg.

FullSizeRender 7
Fine Maren i skogen på veg opp. Tromsøya rett ved hovudet hennar. By og natur tett i tett! Eg synst forresten skogskjøring er så sjukt artig, vil ha mykje meir i vinter!

Eg gjer yoga kvar morgon og rekk nesten alltid innom posisjonen å stå på hovudet. Derfor tenkte eg det var ein god idé å ta bilete når eg står på hovudet på toppen av tinden. Heile Instagram dreiv jo med det for nokre år sidan, og no har det visst blitt min tur. Det var ikkje så enkelt å oppnå loddrett posisjon med ekstra kilo i form av randostøvlar på føtene og vindstyrke på 11 m/s. Men eg prøvde. Det gjekk fint å stupe kråke óg.

FullSizeRender 4FullSizeRender 5FullSizeRender 6

Svensk + nynorsk = svynorsk

Frå og med no er dette min kvardagsblogg på nynorsk. Som nordiskstudent, komande norsklærar (om ikkje drøymen om å få forske på språk blir sann) og tidlegare Sverige-buar har det gått opp for meg at eg ikkje meistrar nynorsk skriftleg. Ei årsak er at det er lenge sidan eg måtte skriva nynorsk på videregåande skule i 2001. Ei større årsak er at eg budde i Sverige frå 2002 til 2005, og i den tida snakka eg svensk med svenskar. Eg byrja aldri å skrive svensk, men språket sit jo i hovudet uavhengig av om det skal produserast med skrift eller tale.

FullSizeRender 3
På svensk om feminisme, kjærleik og å bli utbrend. Dei tre øvste har eg ikkje lese ennå.

Dei siste 10 åra har eg nok lese fleire skjønnlitterære bøker på svensk enn på norsk. Eg følgjer dagleg omkring 10 svenske bloggar, fleire gonger om dagen. Min store konsumering av tekst på svensk har ført til at eg automatisk skriv nynorskifiserte versjonar av svensk. Til dømes har eg skrive «huvud» for «hovud», «har blive» for «har vorte» osv.

Dette semesteret skal eg skrive fleire arbeidskrav på nynorsk saman med nokre andre. Eg har ein skuleeksamen som også skal skrives på nynorsk. Det hadde vore fint om eg fekk litt progresjon i skrivinga slik at ikkje dei andre på gruppa blir belasta med min «svynorsk», og slik at eg kan konsentrere meg meir om innhaldet i eksamensskrivinga enn om verbbøyinga er korrekt og at «anbehetelse-orda» har fått si riktige form.

Dessuten bør ein ha såpass respekt for sine framtidige elevar at ein veit kva ein held på med i vurderinga av andre menneskes språklæring. Ærleg talt. Eg vil ikkje vere ein dårleg lærar.

FullSizeRender 2
Mitt nattbord no. Leselys, novellar og ein fin stein. Tarjei Vesaas fordi nynorsk og Ingvild H. Rishøi fordi novellar som gjer noko med hjartet mitt kvar einaste gong.

Så no har eg bytta ut Sara Stridsberg med Tarjei Vesaas på nattbordet, og eg funderer på å ta ein skikkeleg blogg-detox og ikkje lese noko svensk på ei stund. Men det blir kanskje eit litt for stort inngrep i mine daglege underhaldningsrutiner og gjere meg trist og lei, så det får halde med at mine bøker på svensk får vente til sommaren.

Eg håper at mine vener kan synest det er triveleg å følgje litt med på kva eg gjer om dagane, og kanskje andre med interesse for språk og litteratur vil dele synspunkt med meg. Det er lov å komme med rettingar om eg skulle skrive noko feil. I morgon skal eg kjøpe mi eiga nynorske ordliste.